Finished at work!
No er praksisperioden her i London ferdig.
Eg har sett mykje som er heilt forskjelleg frå sjukeheimane i Noreg. Her opnar
ein for eksempel opp do døra slik at andre pasientar ser personen som sit der,
dette gjer dei med vilje for å vise at doen er oppteken. Eg tenkjer at dei
heller kan fortelje dei andre pasientane at der er opptatt, enn å gjere det på
denne måten. I tillegg er doen på ein stad i rommet, slik at absolutt alle som
sit i fellesrommet ser inn på toalettet.
I dag har eg spelt brettspel med ein pasient, då vi spelte
det i går og han tykte det var så kjekt at han ville spele meir i dag. Vi
prøvde oss også på puslespel, men dette var ikkje noko pasienten likte, så det vart
mitt og den andre studenten sitt arbeid, medan han såg på.
Dagane går fortsatt til å kommunisere med pasientane, og å mate
dei. Eg har fått snakka mykje engelsk desse tre vekene, men føler eigentleg
ikkje at eg er blitt noko betre, då alle rundt meg snakkar kebab engelsk.
Hugs Jenny Kristin!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar