Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

onsdag 14. mars 2018



Back to normal



No er snart denne praksisperioden ferdig. Dagane går mykje i det same, av og til er vi med på stell og andre dagar sit vi heile dagen i stova. I dag har vi for det meste vore i stova.

Vi begynner dagen med å vente til brukarane kjem til stova, frå klokka 9 til 11 kjem ein etter ein trillande inn. Då er våra oppgåve å vere der viss det eventuelt skjer noko, og å passe på at det er saft i alle koppane. Alle brukarane er ganske rolege så dette er ikkje ein vanskeleg jobb, difor fører det ofte til at vi sit å teiknar med dei eller sit ved sidan av å teiknar. 
Klokka elleve vert det servert te og kjeks, der vi hjelper nokre pasientar med å drikke og ete. Ofte vil arbeidarane sjølv gjere jobben for at det skal gå fortare, så då hende det av og til at berre ein av oss får gjere noko.

Når klokka nærma seg eitt vert lunsjen servert. Då pleier vi studentane å bli plassert i kvar sin etasje, dei siste gongane har eg vore oppe. Brukarane som er oppe ligg i senga heile dagen, difor er det kjekt å servere mat der oppe for å bli betre kjent med dei også.

Klokka tre er det te og kjeks igjen, når vi er ferdige med det får vi lov til å reise heim.

Her kjem eit bilete frå i dag. Utruleg herleg ver her nede!!

Hugs from Kristi :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...