Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

mandag 12. mars 2018


                     The best weekend of my life!

                         I will NEVER forget it!

Denne helga har vore heilt fantastisk! Fullt av minnerike opplevingar og kjensler! Eg kunne aldri ha sett føre meg ei betre helg, enn akkurat denne.

Helga mi har bestått av bursdagsfeiring for meg saman med gode veninner, eldste søstera mi og eitt av søskenbarna mine. Ikkje nok med det, så fekk eg litt av ei overrasking då eg kom ned trappene på restauranten vi skulle ete på: Foreldra mine var der óg, med det norske flagget og greier. Dei hadde også teke med seg nokre gode familievener. Ubeskriveleg koseleg 18-års feiring! Koste oss mykje med god mat og drikke. Kake vart det og, som dykk ser.



























  
Laurdagen bestod for det meste av shopping med storesøstera mi på Oxford Street, og deilege måltid saman med resten av familien. Vi tok også ein tur til London Eye, for å sjå den på kveldstid. Bilete seg dykk lenger nede i bloggen.


























På søndagen var eg på London Eye saman med Jenny, Kristi og Sogndals- jentene. Det var utruleg kjekt å få sjå heile London, i alle fall store delar av det. Fantastisk utsikt!
Seinare ut på dagen reiste eg og min familien til Harrods og kikka der litt, før søstera mi skulle reise heim igjen. Deretter gjekk eg, mams og paps på Victoria & Albert Museum og såg oss om, før vi reiste tilbake på hotellet og slappa av litt. Vi åt middag saman før eg reiste tilbake til vertsfamilien min.


















 A lot of kisses from Synne!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...