Hello guys!
Turen vår til London starta med at vi møtte kvarandre på Flesland
klokka ti om morgonen. Innsjekkinga gjekk overraskande bra, på tross av at vi
gjorde det aleine for første gong. Flyturen gjekk fint, og det gjekk overraskande
fort. Når vi kom fram, henta vi bagasjen vår og venta på at ein buss skulle
kome og frakte oss til ADC college. Det vart sagt at vi skulle kome fram til
vertsfamilien klokka tre, men vi kom ikkje fram før klokka sju. Det på tross
av at bussen ikkje møtte opp i tide, og at vi måtte innom fleire stopp og
plukke med oss andre studentar, som eigentleg ikkje var planen.
Når vi endeleg kom fram til ADC college, så måtte vi vente på at
vertsfamilien vår skulle kome og hente oss, og bringe oss heim. Vi vart tatt
godt i mot av ein venleg mann, som gjorde oss godt kjende i område rundt der vi
skulle bu.
I det vi kom fram til huset, møtte vi resten av familien. Dei tok oss
godt i mot! Vi fekk servert middag i det vi kom inn, og det viste seg til å
vere eit hus som var ganske så fint og reinsleg.
ADC college har hovudansvaret under dette opphaldet. Det er dei som har
skaffa oss ein vertsfamilie, jobb og hjelp oss under opphaldet dersom det
oppstår noko.
På måndagen skulle alle møtast på ADC college, for å få ein del praktisk
informasjon om London opphaldet. Deretter skulle vi prøve reise til arbeidplassen
vi skulle jobbe desse tre vekene framover. Vi kan innrømme at vi grudde oss
litt, men det viste seg til at det gjekk ganske så fint. Det er ganske vanskeleg no i
starten, men vi håpar at det skal kome seg etter kvart som vi byrja å kome inn i systemet
og korleis det fungera.
I dag var det første dag på jobb, så det var ganske så spennande. Vi var
spesielt spente på korleis det skulle gå, når vi måtte kome oss til arbeidsplassen
aleine. Både Jenny, Kristi og eg vart tatt godt i mot av dei på arbeidsplassen.
Vidare blei opphaldet vårt ganske så ulikt.
Eg blei fort satt i gong i matsituasjon og måtte hjelpe ein pasient med
å ete. Deretter rydda eg opp etter frukosten og sat med ned og snakka med
pasientane. Eg gjorde ikkje stort anna enn å kommunisere med pasientane, rydde
klart til ulike måltid og hjelpe dei som trengte hjelp. Kristi fekk allereie første
dagen observere stell situasjon. Det ho synast utpeika seg mest i frå her, til
Noreg, var at dei er meir hardhendte med pasientane og at dei ikkje omgåast så
mykje med dei. På Jenny sin arbeidsplass var ho kun på arbeidsstova og
kommuniserte med pasientane og hjalp dei i matsituasjon.
Vi har diverre ikkje fått teke så mykje bilete, men vi kan love dykk
at det kjem mykje av det seinare. Stay tuned!
Hugs from Synne, Kristi and Jenny!