Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

onsdag 28. februar 2018


Hello from the other side…

Etter å vore nokre dagar på Carrick House Nursing Home, har eg fått opplevd mykje. Som eg skreiv i bloggen i går, har eg fått observert stell, vore med i matsituasjonar, ellers går det mykje i gode samtalar med pasientane.

Carrick House Nursing Home er ein sjukeheim med tjue pasientar med ulike behov, som for eksempel problem med høyrsel og syn, parkinson, kreft, og vanskar med å snakke. Dei tilsette er i frå ulike delar av verda som Romania, India og Russland. Dette merkast godt når vi samlast på møterommet.

Dei store forskjellane mellom Norge og London, er at dei tilsette ikkje omgåast med pasientane når dei har tida, dei bruker heller «fritida» deira på å prate med kvarandre. For å sei det på ein fin måte verkar det som om ting skal gå ganske så fort, slik at dei kan gjere slik dei vil i staden. Dette fører då til at ting ikkje vert gjort på ein skikkeleg og god måte slik vi er vande med i Norge.  

Følg med på bloggen i morgon, for å få eit innblikk i korleis Synne & Jenny opplev arbeidsplassen deira!!!

Hugs from Kristi!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...