Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

tirsdag 27. februar 2018

Hello guys!

Turen vår til London starta med at vi møtte kvarandre på Flesland klokka ti om morgonen. Innsjekkinga gjekk overraskande bra, på tross av at vi gjorde det aleine for første gong. Flyturen gjekk fint, og det gjekk overraskande fort. Når vi kom fram, henta vi bagasjen vår og venta på at ein buss skulle kome og frakte oss til ADC college. Det vart sagt at vi skulle kome fram til vertsfamilien klokka tre, men vi kom ikkje fram før klokka sju. Det på tross av at bussen ikkje møtte opp i tide, og at vi måtte innom fleire stopp og plukke med oss andre studentar, som eigentleg ikkje var planen.

Når vi endeleg kom fram til ADC college, så måtte vi vente på at vertsfamilien vår skulle kome og hente oss, og bringe oss heim. Vi vart tatt godt i mot av ein venleg mann, som gjorde oss godt kjende i område rundt der vi skulle bu.

I det vi kom fram til huset, møtte vi resten av familien. Dei tok oss godt i mot! Vi fekk servert middag i det vi kom inn, og det viste seg til å vere eit hus som var ganske så fint og reinsleg.



 





















































ADC college har hovudansvaret under dette opphaldet. Det er dei som har skaffa oss ein vertsfamilie, jobb og hjelp oss under opphaldet dersom det oppstår noko. 

På måndagen skulle alle møtast på ADC college, for å få ein del praktisk informasjon om London opphaldet. Deretter skulle vi prøve reise til arbeidplassen vi skulle jobbe desse tre vekene framover. Vi kan innrømme at vi grudde oss litt, men det viste seg til at det gjekk ganske så fint. Det er ganske vanskeleg no i starten, men vi håpar at det skal kome seg etter kvart som vi byrja å kome inn i systemet og korleis det fungera.






















I dag var det første dag på jobb, så det var ganske så spennande. Vi var spesielt spente på korleis det skulle gå, når vi måtte kome oss til arbeidsplassen aleine. Både Jenny, Kristi og eg vart tatt godt i mot av dei på arbeidsplassen. Vidare blei opphaldet vårt ganske så ulikt.

Eg blei fort satt i gong i matsituasjon og måtte hjelpe ein pasient med å ete. Deretter rydda eg opp etter frukosten og sat med ned og snakka med pasientane. Eg gjorde ikkje stort anna enn å kommunisere med pasientane, rydde klart til ulike måltid og hjelpe dei som trengte hjelp. Kristi fekk allereie første dagen observere stell situasjon. Det ho synast utpeika seg mest i frå her, til Noreg, var at dei er meir hardhendte med pasientane og at dei ikkje omgåast så mykje med dei. På Jenny sin arbeidsplass var ho kun på arbeidsstova og kommuniserte med pasientane og hjalp dei i matsituasjon.

Vi har diverre ikkje fått teke så mykje bilete, men vi kan love dykk at det kjem mykje av det seinare. Stay tuned!
Hugs from Synne, Kristi and Jenny!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...