Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

fredag 16. mars 2018


Don't cry because it's over. Smile because it happened :)


Tre veker alt er vekk
kvar blei det av turen vi fekk
Tre veker skulle vi bli
men det viste seg til å gå skikkeleg på gli
Tjueein fantastiske dagar har det blitt
men vi har også fått slitt litt
Dette er ei oppleving vi aldri vil gløyme
minna vil aldri slutte å strøyme


























Sidan vi hadde siste dag i praksis i går, så nytta vi dagen til shopping før vi skulle møte opp på ADC college. Vi tok ein kjapp tur innom Oxford Street, før vi reiste innom Harrow on the Hill og tok siste handlinga for denne turen.












Klokka tre møtte vi opp på ADC for å ha eit siste møte. Vi var tre grupper, Sogn og Fjordane, Røros og nokre frå Sverige. Vi leverte inn fråværskjema og vår vurdering av arbeidsstad, vertsfamilie og ADC college. Rett før vi var ferdige fekk vi sertifikat for at vi har fullført praksisperioden i London.





Vi er utruleg takknemlege for at vi har fått denne moglegheita til å kunne reiste til London på utplassering i tre veker. Det har vore tre minneverdige veker, mange nye og spennande opplevingar. Alt var ikkje heilt slik vi hadde sette føre oss på førehand, med tanke på korleis helsetenesta fungera her. Det som kanskje har vore mest utfordrande med heile denne turen, er at vi ikkje har fått praktisert våre kunnskapar vi har lært, fordi det går i strid mot deira måte å utføre diverse situasjonar på.
Vi vil på det sterkaste anbefale å gripe moglegheita når du først får den. Dette er ei oppleving DU aldri vil gløyme, det skal du vere sikker på. Du vil få så mykje erfaring av denne turen, både med tanke på utvikling av engelsken, kulturmessig, vere vekke frå familie, og det å vere sjølvstendig. Samt mykje meir.

Plenty of hugs and kisses from Synne, Jenny & Kristi! <3






















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...