Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

torsdag 15. mars 2018



Finished at work!
No er praksisperioden her i London ferdig. Eg har sett mykje som er heilt forskjelleg frå sjukeheimane i Noreg. Her opnar ein for eksempel opp do døra slik at andre pasientar ser personen som sit der, dette gjer dei med vilje for å vise at doen er oppteken. Eg tenkjer at dei heller kan fortelje dei andre pasientane at der er opptatt, enn å gjere det på denne måten. I tillegg er doen på ein stad i rommet, slik at absolutt alle som sit i fellesrommet ser inn på toalettet.

I dag har eg spelt brettspel med ein pasient, då vi spelte det i går og han tykte det var så kjekt at han ville spele meir i dag. Vi prøvde oss også på puslespel, men dette var ikkje noko pasienten likte, så det vart mitt og den andre studenten sitt arbeid, medan han såg på.

Dagane går fortsatt til å kommunisere med pasientane, og å mate dei. Eg har fått snakka mykje engelsk desse tre vekene, men føler eigentleg ikkje at eg er blitt noko betre, då alle rundt meg snakkar kebab engelsk.


Hugs Jenny Kristin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...