Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

torsdag 15. mars 2018


                          Last day at work!


I dag vart det ein liten vri på den vanlege rutina: Det var samling inne på eit rom, der alle pasientane som ynskte å vere med, kunne det.
  
Presten leste diverse tekstar frå bibelen, vi song nokre salmar, og deretter var det nattverd. Til slutt vart det delt ut eit dikt for denne månaden og ei bøn som pasientane fekk behalde.
Det var utruleg kjekt å sjå pasientane delta, både i det vi skulle lese, men også då vi skulle synge. Det var meir «liv» i dette rommet enn kva eg har opplevd når eg har vore til kyrkje, for å seie det slik.

Resten av dagen har eg hjulpe pasientar med å ete, eg har servert te og kjeks, og snakka med pasientane. 

Før eg reiste til London, fekk eg låne med meg ei bok av svigerfar, om Sognefjorden. Den tok eg med meg på jobb og viste til pasientane. Det viste seg å vere utruleg stas. Dei skraut av kor fint det vi hadde det Noreg, og kor heldige vi var. Eg prøvde å få dei til å seie nokre norske ord som stod i boka, og det var artig å høyre på. Det overraska meg kor lett dei tok det, men det vart litt dansk preg i utalen.

Før vi gjekk for dagen, gav eg arbeidsplassen norsk melkesjokolade og Kvikklunsj. Det takka dei så mykje for, og dei gleda seg til å smake.



Under ser dykk nokre bilete frå arbeidsplassen min. Pynta til både morsdag og St. Patricksday.










A lot of kisses from Synne!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...