Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

torsdag 8. mars 2018


                                       IT'S FRIDAY JR

No har eg verte litt meir kjend på arbeidsplassen, og kjenner betre til kva som skjer gjennom dagen. Oppgåvene vi har fått er fortsett ikkje noko å skryte av. Einaste vi brukar dagen på er å sitje i fellesstova, dele ut drikke, mate pasientane og passe på at dei som ikkje er i stand til å gå, skal røyse seg opp.
Eg merkar godt at eg ikkje er i Norge, fordi her kjeftar dei på alle rundt seg konstant. Dersom nokon ikkje gjer slik sjukepleiaren tenkjer, vert det utruleg mykje kjefting. Dersom dette hadde vore i Norge, tvilar eg sterkt på at ein hadde hatt jobben så veldig lenge.
På slutten av dagen, går dei fleste helsefagarbeidarane frå jobb. Det er på denne tida det er mest kaos i fellesrommet. Til slutt sit kun eg og Amalie som er den andre studenten frå Norge, igjen i fellesrommet med alle pasientane. Sjukepleiaren sit kun å ser på oss, gidde ikkje å gjere noko sjølv, men kjeftar på oss dersom vi ikkje har kontroll over alle dei fem pasientane som reiser seg på same tid.
Eg reagerar også på at pasientane seier dei hatar å vere på sjukeheimen, fordi dei som jobbar der skrik, kjeftar og stappar maten inn i munnen slik at det skal gå fort nok.


Hugs Jenny Kristin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...