Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

torsdag 8. mars 2018


                              Happy Thursday!    

I dag, så har vi ikkje gjort stort. Dagen har stort sett gått i å snakke med pasientane, spele spel med dei og hjelpe til med mating.

Det er litt vanskeleg å få gjort noko anna. Skal vi til å hjelpe ein pasient på toalettet, så kjem ein av dei tilsette og tek over. Sjølv om vi har sagt vi kan gjer det, så fortel dei berre at eg kan hjelpe han/ho.

Ellers går det fint på jobb. Eg var så heldig som fekk blomster på jobb i dag, av ein hyggeleg fyr som jobbar der, grunna den internasjonale kvinne dagen. 

Det skal bli godt med helg no! Sjølv om dagane kan bli veldig lange, når du har ein time reisetid til og frå jobb kvar dag. Går ut døra halv åtte, og kjem heim rundt halv seks. Eg er i alle fall glad for at eg slepp og jobbe 12 timar, som dei tilsette her gjer! Det hadde blitt ein laang og tung dag, det skal vere sikkert! Eg er også glad for at det ikkje er så lange dagar heime i Noreg!

Eg har gleda meg mykje til akkurat denne helga, fordi store søstera mi kjem hit til London denne helga, og det er ein stor dag for meg i morgon, nemleg fordi eg har bursdag😃

Love from, Synne!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...