Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

fredag 2. mars 2018


Happy Weekend!

Først og fremst, så vil vi ynskje alle dykk der heime ei riktig god helg! Kristi, Jenny og eg har stort sett gjort det same på jobb i dag, som vi har nemnd tidlegare. Under, vil dykk få eit kort innblikk i korleis dagen vår har vert.

Synne:
Arbeidsoppgåvene mine i dag, har bestått av å kutte opp frukt til ein fruktsalat, tatt oppvasken etter måltid, mata ein pasient, og servert popkorn til movie time som dei hadde etter lunsj. Det har vore ein ganske så grei og fin arbeidsdag. Fin start på helga!

Kristi:
I dag brukte eg mesteparten av dagen på utføre aktivitetar. Vi hadde aktivitetar som domino, kortspel (hopp i havet) og ballongleiken. Nokre av brukarane er veldig interesserte i å lære nye ting, så det gjere det lettare å finne på aktivitetar til dei.

Jenny:
I dag har eg ikkje gjort så mykje, dagen starta med at eg gav brukarane frukost og te. Sidan dei fleste brukarane søv meste parten av dagen, vert det ikkje gjort så mykje av aktivitetar. Eg og Amalie, som eg jobbar i lag med, fekk likevel lov til å teikne i lag med brukarane. Vi fargela morsdags teikningar, som skal hengast opp til pynt. Dette er ein av dei få aktivitetane som kan bli utført der eg er. Litt ut på dagen, fekk vi besøk av Ingunn (lærar). Då fekk vi mykje meir informasjon om praksisstaden, enn det vi fekk første dag. Vi får fortsett ikkje gjere stort, men har fått litt fleire oppgåver og litt kortare arbeidsdag.


Det skal bli godt med helg no! Det er ingen tvil om at det har vore ei ganske så tøff og slitsam veke, men samt utruleg interessant. Planen for helga, er å utforske London meir, shoppe, og avslutte helga med ein musikal (løvenes konge), og ein liten samkomst etter musikalen med dei andre i frå Sogn og Fjordane.






























Many warm hugs from, Synne, Kristi and Jenny!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...