Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

onsdag 7. mars 2018



HELLO, good evening!


Etter å ha vore over ei veke i praksis er eg endeleg kome meir inn i rutinane på arbeidsplassen. Første delen av dagen observera vi stell og deltek som assistentar. Medan seinare på dagen servera vi te, gir nokon mat og nokre gongar har vi aktivitetar.

I dag brukte vi første delen av dagen på å jobbe med skulearbeid. Medan pleiarane var opptatte med morgonstell, så kunne vi finne ut informasjon som vi trengte til leksene.

Seinare fekk pasientane te og middag, der vi fekk mate ein pasient kvar. Det er ikkje så mange som treng å bli mata, det fører til at vi har blitt godt kjente med dei som treng hjelp.

Det merkast veldig godt at pasientane likar å ha studentar på besøk. Gi eit smil og seie «good morning», er det som skal til for at pasientane er fornøgde. Nokre sett og veldig pris på ein god samtale der dei får fortelje kva dei har på hjarte eller om gamledagar.

Kva er vell ikkje kjekkare enn at pasientane set pris på jobben ein gjere.


Hugs from Kristi <3

Her er nokre bilete frå stova på arbeidsplassen. Pasientane sit i desse stolane heile dagen.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...