Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

onsdag 7. mars 2018


                    Hello SUNSHINES!!

I dag så har eg endeleg fått vert med å observert morgonstell. Det har eg gleda meg lenge til, fordi eg har vore så spent på korleis dei tilsette her i London praktiserer det. Er det ganske likt som heime i Noreg eller ikkje?

Eg har hatt mine mistankar om at morgonstellet ikkje vil sjå så bra ut, ut i frå alt det andre eg har observert her på Seymour House. Dette med at hygiene her ikkje er så god, alt skal skje som ein berg og dal bane, og at dei er veldig hardhendte og ufølsame mot pasientane. Alt det dei gjer, går i strid mot det eg har lært og praktisert heime i Noreg.

Sit du for eksempel og hjelp ein pasient med å ete, så tek eg sjølvsagt med god tida og let pasienten får tygge og svelge ned, før eg gir dei neste bit. Problemet då, er at ein av dei tilsette kjem bort til meg og fortel meg at dette går alt for seint, og at eg berre må peise på med mat. Om eg ikkje gjer slik som eg har fått beskjed om, så kjem dei og tek frå meg gaffelen og gjer det sjølv. Då sit eg der og tenkjer: «Er der mogeleg og vise så lite respekt ovanfor pasienten?». Eg får rett og slett vondt inni meg! Tanken på å bli stappa mat inni munne og ikkje får tygga det skikkeleg ned, før neste bit kjem inn. Det går rett og slett ikkje å nyte maten sin her. Her et pasientane middag og dessert på under ti minutt. Et du ein god porsjon lunsj og dessert på under ti minutt? Uansett kva eg prøver å sei, så let dei som ingenting. Det er rett og slett trist å både sjå og sei det, men slik er det.

Hadde du likt å blir vekt med at ein annan person stod og skvetta vatten i fjeset ditt og blitt dregen ut av senga kvar morgon? Hadde du likt å blitt vaska i fjeset med ein klut som har lege på golvet, eller blitt tørka med eit handklede som har blitt brukt til å tørke golvet med? Verst av alt, hadde du likt at dei tilsette har på seg dei same hanskane gjennom heile morgonstellet? Dei hanskane som dei bruka til å tørke pasientane nedantil også tek dei på dei reine kleda deretter. Slik blir morgonstellet praktisert her. Heilt totalt forferdeleg og respektlaus ovanfor pasienten sin integritet!

Her bruka dei heller ikkje stellefrakk. Sprit er det lite å sjå til. Har sett ein så langt, som heng ein plass som ikkje gir noko meining at den skal hengje der. Ergonomien til dei tilsette, er heilt skandale. Det er ikkje lenge dei kan klare å vere ute i jobb, slik som arbeidsstillingane deira er.



Eg er i alle fall utruleg glad for at eg skal bli gammal heime i gode Noreg, og ikkje her i London!

Many kisses, from Synne!!!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...