Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

Mateusz, Jenny, Kristi, Synne og Emily

torsdag 1. mars 2018


Good evening!

Eg er i praksis på Primrose House Care Home. På Primrose, der er det pasientar som er gamle, har fysiske funksjonshemmingar og menneske med demens. Der er mange ulike språk som vert snakka, Arabisk, Fransk, Gujarati, Hindi, Tamil, Engelsk og Urdu. Der er 19 rom med ein pasient, medan der er tre som vert delt.
image1.jpeg

Eg har ikkje så mange oppgåver, men håpar på å få litt meir å gjere etter kvart, slik det ikkje vert like kjedeleg kvardag. Til no har det vert snakking med pasientar, mating og passe på at dei ikkje kjem seg opp frå stolane. Dersom pasientane prøvar å kome seg ut av stolane, vert det brukt makt for å få dei tilbake i stolen. Eg likar ikkje at eg får i oppgåve å bruke makt på pasientane, då eg får negative kommentarar tilbake frå pasientane. Eg føretrekk å behandle medmenneske med respekt.
Eg merkar godt forskjellane i Norge og England. I Norge, er ein veldig forsiktige med pasientane, men her i London er dei meir hardhendte og brukar makt. Dersom pasientane ikkje høyrer etter, vert dei sendt på rommet sitt for å sove, dette er ikkje noko eg har opplevd i Norge, og eg tykkjer ikkje dette er riktig måte å behandle pasientane sine på.

Hugs from Jenny Kristin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Don't cry because it's over. Smile because it happened :) Tre veker alt er vekk kvar blei det av turen vi fekk Tre veker sk...